Om kulturmix

Kulturmixkoret

Kulturmix er eit tur-konsept for reise- og musikkinteresserte og for folk som likar å synge. Det er eit reisetilbod for både nybegynnarar og for ærfarne songarar, som har interesse av å reise og å synge og spele saman med andre, og som syns det er spennande å møte andre kulturelle uttrykk.

Første “Kulturmix-ekspedisjon” var i 1992 til New Orleans. Sidan den gong har vi besøkt mange land i fleire verdsdelar, og mange har valgt kulturmix-reiser som alternativ til meir tradisjonelle turist-ferieturer.

Pr. i dag er der ca. 1200 frå heile Norden som har sagt seg interesserte i å ha adressa si på ei mailingliste for Kulturmix. Desse får med jamne mellomrom tilsendt informasjon via E-post om Kulturmix-reiser. Der er inga fast gruppe som reiser; det er tilfeldig frå tur til tur. Likevel har mange deltatt på fleire av turane. Kvar reise har sitt eige særpreg.

Eit av måla er at det skal skapast eit kor i løpet av turen. Ein veit aldri kva slag kor ein får før turen er i gang. Undervegs i det landet ein reiser i, vert det brukt eit par timar pr. dag (når det lar seg gjere)til å synge seg saman. Mot slutten av turen møter “Kulturmix-koret” lokale songarar eller musikarar for eit meir intensivt seminar. Her får ein nær kontakt med lokalbefolkninga.

Vi har med oss repertoar som ber i seg vårt vestlege kulturelle uttrykk, og som vi lærer frå oss til dei vi besøker, medan dei lærer oss nokre av sine songar. Vi øver saman med dei i to eller fleire kveldar, og feirer så det heile med ein avsluttande konsert, før koret blir “lagt ned” - og vi reiser heim.

Kulturmix inkluderer også typiske turistopplevingar av kva landet har å by på når det gjeld nasjonal kultur, mat og landskap.

 

Kvar går turane ?

 

Kulturmix-turane har til no gått til New Orleans, Ecuador, Galapagos, Peru, Cuba, Beijing, Azerbaijan, Madagaskar, Italia, Scopelos og Kroatia.

Kven reiser på slike turer ?

Gruppene som reiser er som regel tilfeldig samansett. Det er gjerne folk som har lyst til å vere med på noko “annaleis”. Ein A4 - ferietur er det ikkje, og det plar vere ei fin blanding av folk. Her har ein forskjellege ærfaringer; frå dei som aldri har prøvd å synge i kor før til den ærfarne korist.

Notekunnskapar, og songærfaring?

Det vert ikkje stilt spesielle krav om notekunskapar eller songerfaring for å kunne bli med. Men det er viktig å vere nysgjerrig og sosial, og at ein likar å synge. Ein melder seg på individuelt og ikkje som kor eller gruppe. Størrelsen på gruppa kan variere frå 25 på ein tur, til 60 personar på ein anna.

Gjennom samarbeid mot eit felles mål får ein lære meir om og av kvarandre enn ein elles ville som vanleg turist. Ein kan kalle det for interaktiv kultur-turisme.

 

Prots